Levande, likeverdige krinsar

Politikk før og no

Folkelista er samansett av samfunnsengasjerte personar frå alle krinsane og heile det politiske spekteret. Vi har som mål å arbeide til det beste for Hareid kommune. Vi skal vere eit korrektiv til det etablerte politiske systemet, og vi vil føre ein nøktern, ansvarleg politikk som ikkje lovar gull og grøne skogar til alt og alle. Vi meiner samstundes at kommunen må forvalte dei økonomiske ressursane på ein forsvarleg måte, slik at Hareid kjem seg ut av ROBEK-lista og blir ute.

Sjølve berebjelken i programmet er at ein skal arbeide for levande, likeverdige krinsar, som ikkje på noko vis skal setjast opp mot kvarandre. Greier ein å skape levedyktige krinsar, får ein og eit livskraftig sentrum og ein sterk kommune. Folkelista vil prioritere primæroppgåvene i kommunen. Desse skal liggje i botnen for alle økonomiske prioriteringar. Folk i krinsane skal sleppe å føle at basisfunksjonane gradvis smuldrar bort. Vi vil arbeide for at alle innbyggjarane i kommunen skal bli høyrde. Einskildmennesket skal ikkje føle at det blir ”overkøyrd” av byråkratiet eller av det politiske systemet. Folkelista vil i samarbeid med innbyggjarane, tilsette i kommunen og andre folkevalde arbeide for ein ny politisk kurs. For å få dette til, treng vi DI støtte til beste for kommunen.

Hareid
Hareid krins
Hjørungavåg
Hjørungavåg krins
Bigset
Bigset krins
Brandal
Brandal krins